Vison
EMBLA-prosjektet vil følgje opp dei sterke tradisjonane som Norge har med å arbeide aktivt for fred og internasjonal forståing.

Hovedmål
Fremje fredsbodskapen i eit kvinneskip, der vi gjer vikingskipet, før ofte sett på som eit krigssymbol, om til eit fredssymbol. 
SNU KRIG TIL FRED
.

Delmål
1.Fremje fredsbodskapen gjennom kultur, kreativitet og skapande aktivitetar, fysisk og åndeleg, individuelt og kollektivt, lokalt og globalt.

2.Knoppskyting. Påvirke kvinner i andre regionar/land til å adoptere vår fredsbodskap, og føre den vidare i sine land på sin måte.

3.Bevisstgjere på at kvinner sitt syn på krig og konflikter gjev mindre kriminalitet og vald.

Embla-namnet
er henta frå norrøn mytologi og tyder "den første kvinne".

Den islandske sagaen "Snorre" fortel at Odin, Vilje og Ve var Bror sine søner.  Ein dag gjekk dei langs standa.  Der fann dei to trestokkar, og av desse skapte gudane menneske.  Odin gav vilje og ande, Vilje gav vit og Ve gav utsjånad, taleevne, høyrsel og syn.  Mannen kalla dei Ask og kvinne Embla.  Få dei ættar menneska i den gamle gudetrua.



Embla-plakaten
teikna av kunstnaren Sylvi Aambø Tomasgaard

Kvinna i båten er moder jord.
Hatten er fredsskipet med kvinnene ombord.
Fuglane er symbol på at vi skal nå langt med bodskapen vår.
Den eine fuglen står på jordkloden og vernar om den.
Barnet ligg i båten på veg inn i framtida.
Fuglen i handa er symbol på håpet vårt!



Embla sin fredssong

Fred for folk i alle land
må gå hand i hand
- alle må vi ta eit tak
for då kjeme vi i hamn.

Ref.
For Embla den vakre skuta vår
gjev oss fred der ferda går.

Eg og du og alle vi
får skuta på gli,
tek eit tak i ro og mak,
vi har ikkje dårleg tid.

Ref.
For Embla den vakre skulta vår
gjev oss fred der ferda går.