Vedtekter for

stiftinga E M B L A – ”Kvinneskipet ro for fred”

 

 

1.      Stiftinga EMBLA – ”Kvinneskipet ro for fred”  har forretningsadresse 6100 Volda.  
Basen for stiftinga er Bjørkedalen.

 

2.      Føremål:
Stiftinga sitt føremål er å fremje fred og internasjonal forståing gjennom lokalt, regionalt og
internasjonalt kultursamarbeid. Fredsskipet EMBLA skal vere drivkrafta i prosjektet, der
kvinner generelt, og  frå Volda, Herøy og Eid spesielt, i fellesskap skal nytte kulturen som
reiskap i arbeidet for fred og internasjonal forståing mellom folk i ulike land og regionar.

 

3.      Lokallag:
Kvinnene organiserer seg i lokallag, eitt for kvar av kommunane (Embla/Volda, Embla/Herøy 
og Embla/Eid). Desse 3 lokallaga utgjer stiftinga
. Styret skal til ei kvar tid ha oppdatert 
namneliste på kvinnene som er med i stiftinga.

 

4.      Grunnkapital (stiftingskapital):  
Skipet ”Embla” til ein verdi av kr. 225.000 utgjer grunnkapitalen i stiftinga.

 

5.      Andelskapital (driftskapital):
Andelskapitalen kan nyttast til drift og investering av utstyr i samsvar med stiftinga sitt    
føremål.

 

6.      Styret:
Styret skal ha 6 representantar med personlege vara. Lokallaga nemner opp 2 kvinner kvar,  
med personlege varakvinner til styret. 
Styret konstituerer seg sjølv. Leiar og nestleiar skal utpeikast for eitt år i gongen og vere frå      
den kommunen som har administrasjonen.
Ved stemmelikheit har leiar dobbelrøyst.

 

7.      Drift:
Styret er det øverste organ i stiftinga. Styret har ansvar for å leie arbeidet med stiftinga i    
samsvar med føremålet. Styret vel rekneskapsførar.
Administrasjonen av stiftinga går på omgang mellom kulturkontora i Volda, Eid og Herøy 
etter nærare avtale.
Stiftinga sin rekneskap skal reviderast av kommunerevisjonen.

 

8.      Årssamling:
Det skal innan 1. mars kvart år kallast inn til årssamling. På denne samlinga skal styret leggje 
 
fram: Årsmelding, rekneskap, aktivitetsplan og budsjett .
Til årssamlinga skal lokallaga ha klart sine 2 representantar med vara til neste års styre.

 

9.      Vedtektsendringar og opphøyr:
Dersom det viser seg at stiftinga ikkje er tenleg for dei føremål ho er oppretta for, jmfr.    
vedtektene pkt. 2, kan styret med 2/3 fleirtal vedta endringar i vedtektene eller evnt. vedta  
oppløysing av stiftinga. Moglege aktiva i stiftinga skal då gå til kvinneretta tiltak med liknande
føremål i Volda, Eid og Herøy, administrert av kulturkontora i dei respektive kommunane.

Jmfr. Lov om stiftelser m.m. kap. VI.