KRISTINA







8. MAI 2007

Kjære sambygdingar.  8. mai 2007, gratulerer med dagen!

Det har vore tradisjon å legge krans på Sørgjande mor kvar 8. mai. I 1998 la ordførar Kristen Hundeide opp til ei ny ramme for denne kransepålegginga. Han tok med tiande klasse ved Eid Ungdomsskule, Embla – kvinner og Eid Musikklag. Det vart oppmarsj, flaggborg, taler og appellar. Denne nye seremonien vart godt motteken.

I åra etter dette, har seremonien utvikla seg vidare og det ser ut som om dette er ein seremoni som er komen for å bli. Eller vil den døy ut? Det er opp til oss som er vaksne å halde på rammer og tradisjonar for dei som veks opp.

Men skal vi møtast 8. mai og minnes krig og det som vi kanskje helst ikkje vil tenkje på? Vi har det då så godt her i Norge. Ja det har vi. Vi bur i verdas beste land å leve i. Av nettopp den grunn, skal vi minnast dei som gav oss fridomen og vi må difor makte å sjå ut i verda der svolt og krig er kvardag. Kvar dag blir vi minna om dette. Born blir brukte som soldatar. Uskuldige menneske blir drepne av bomber. Afghanistan, Irak, Somalia er berre eksempel på dette. Ein av dei største trugsmåla i dag, er heimelaga bomber og sjølvmordsbombarar. Dei slår til overalt i verda. Slik er verda blitt utrygg for oss alle. I dag som vi kan reise kor vi vil på billege turar, tenkjer vi igjennom tryggleiken før vi bestiller billett.

Våre nye landsmenn kjem frå desse krigsherja områda. Korleis tek vi imot dei? Hjelper dei til å finne seg ein ny heim i eit framandt land som dei kanskje ikkje eingong har ønskje om å bu i. Kan det vere vårt bidrag. Vi som bur i ei skjerma kommune, langt frå krig og elendigheit. Å hjelpe våre nye innbyggarar til eit nytt liv i eit nytt land. I fjor vart  Eid kommune kåra til å vere ei Internasjonal kommune. Dette forpliktar.

Arnulf Øverland levde frå 1889 til 1968. Nazismen sin frammarsj og borgerkrigen i Spania engasjerte han sterkt. 
Han heldt foredrag om riksdagsbrannen i Berlin og med det om nazismen sitt vesen før dette var  avslørt. I 1936,
etter bombinga av Garnica, der 1000 av 5000 innbyggjarar vart drepne, skreiv han diktet:  Du må ikke sove.
Dette diktet er sidan blitt ståande som eit monument over kva dikt kan bety i ei tid då det gjeld.

Eg vil avslutte med dette diktet. Det berører oss enno i dag og er like aktuelt diverre, for mange rund om i verda.
Vi pliktar å tenkje over dette og ha det med oss, utan at det skal ta gleda over at vi har det godt her i vår forholdsvis trygge kvardag.