JULETREFEST PÅ TISTAM

2. juledag 2004

Rønnaug Leite stillte i Embla-drakt, viste bilete og fortalde frå den 10 år lange reisa med "Embla".
Det var spennande å sjå seg attende - mange uforgløymelege minner har rissa seg fast ...

 

 

SUNNIVAFESTSPELA 2004

Teaterkonserten "Lyset frå Selja" 4. september 2004
 
Stiftinga EMBLA
- "Kvinneskipet ro for fred"
tok del med vikingskipet "Embla" som låg i småbåthamna i Selje sentrum frå fredag til søndag og pryda arrangementet. 
Embla-kvinnene hadde eigen stand på Nabben laurdag, og jentene var lysande fargeklattar i gatebiletet.
Vigdis Wåge hadde sitt utsal frå standen vår, og Hanne Krogh tok seg god tid under besøket hos oss.

 
   


Embla si hovudoppgåve var deltaking under teaterkonserten der vi skulle kome roande inn til Selja med kongen som gjorde at steinar rasa og stengde hola til St. Sunniva og Seljumennene.  Eit par timar heldt vi skipet i ro bak ein holme,
skjult for publikum i ganske så kraftig sjø, før vi fekk teikn via radiosamband
å kome roande som kulisse i spelet.
   


 
Kl. 22.00 heldt EMBLA lysseremoni ved Selje hotell med påfølgjande fakkeltog langs sanden til midnattsmesse i Selje kyrkje.

Søndag vart vi inviterte til avslutningskonsert med Sunnivakoret i kyrkja, og prosjektleiar Margun Ervik tok imot blomar og takk frå primus motor Oddvar Stave. 
Konserten var ei stor musikalsk oppleving!





 

EMBLA sin lysseremoni laurdag 4. september:

Hun står i stavnen og værer framtid
Det lugger motvind i hår og kinn
Hun står på fortid i båt med nagler
som hennes mødre har klinket inn

Hun står på tiljen – en bunn av trygghet
Hun har en tofte av mykje fang
Men under skroget der skjærer kjølen
igjennom strømmen i sikker sang

Hun har et mannskap av tusen søstre
som navigerer i bris og storm
Og båtens råseil er kvinnens kjole
og båtens mast den har kvinnens form

Emblakvinnene står og i stavnen og værer framtid
og ser med redsel på det som skjer
med krig og terror og svolt og død
der barn er skjold i ei grusom tid

Vårt vikingskip ”Embla” – Kvinneskipet ro for fred,
skipa på sjølvaste FN-dagen 24.10.1992, med formål
å fremje fred og internasjonal forståing
gjennom lokalt og internasjonalt kultursamarbeid

Vikingskipet ofte sett på som eit kringsskip
Vårt vikingskip ”Embla” er ein ”speakers corner” for fred

”I have a dream” – vi har også ein draum og eit motto;
Fred for folk i alle land
er eit viktig budskap for Emblakvinnene
på våre kultur og fredstokter rundt om i verda
Mange gledelege ringar i vatnet har vi sett på vår ferd

I dag har vi vore på Selja
- helgenstaden til landets einaste kvinnelege helgen St. Sunniva
og sett ”Lyset frå Selja”
Dette lyset ynskjer vi å ta vare på og dele med mange

Vi vil bruke lyset som eit fredssymbol
La mottoet ”Ta eit åretak for fred”
spreiast til alle kantar de ferdast
som ringar i vatn
La oss saman gå føre i verneplikt for fred

Som ei symbolsk handling tenner vi lys
på eit vikingskjold
og med ei åre skyv vi saman skjoldet ut på dei sju hav
med ynskje og bøn om fred!

04.09.2004
Margun Ervik
prosjektleiar




 

EMBLA NORWAY

Febr. 2004

We consider sending the photograhps with Mr. Kafula Chisanga who will be
attending a meeting i Kampala - Uganda.

EMBLA WOMEN ZAMBIA



2004 EMBLA ACTION PLAN

1. Purchase of material, Lusaka, Jan.
2. Making bed sheets & selling, Mbala urban, Jan.
3. Meeting, MDWACC Office, Jan.
4. Purchase of materials, Lusaka, Febr.
5. Making bed sheets & selling, Mbala urban, Febr.

These activities will be continued through out the year with interval visits to other EMBLA Club.





 
EMBLA SITT 10-ÅRS JUBILEUM

Laurdag 24. og søndag. 25. april 2004 i Bjørkedalen

Jubileumet vart feira med inviterte gjestar og Embla-medlemar på Vertshuset "Niels Simonsen".
Det vart gledeleg gjensyn med kontakter frå fjern og nær dei 10 første, spennande åra i Embla-historia
m.a. var gudmor til "Embla", Astrid Nøklebye Heiberg, med og kasta glans over jubileet.



På søndagen vart det rom for både rotur med "Embla" og vandring i den vakre Bjørkedalsnaturen.

Anne Lise Hessen Følsvik, dagleg leiar i Folkeakademiet Midt-Norge, helsa 10-års jubilanten med
dette diktet som vi har fått lov å dele med lesarane:


No plantar kvinna -

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein so bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.

Ho opnar mokda og reier eit rom
for føtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.

Ein draum om det fullvakse treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vart
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det?  Skalet kring kjerna
av mørke i djupet, som brest?

Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring.  Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro!





 

ÅRSMØTE I EMBLA/Eid - 2003

1. april samlast medlemane i Eid seg til møte i "Kirsebærhagen" i Kjølsdalen,
og på menyen stod både fiskesuppe og bløtkake.



Kommunebåten "Lotsa", Frigjeringsmarkeringa 8. mai og Mbala er saker som
medlemane i Eid har jobba med.

I 2004 vil naustplass for "Lotsa", 10-års jubileumet for Stiftinga og "Ljoset frå
Selja" vere viktige tema.



 
ÅRSAMLING I EMBLA - 2003

Årssamlinga dette året vart avvikla på Jacobsenhuset i Herøy 25. februar.