NYTT AFRIKA-BESØK I BJØRKEDALEN

Ein ny delegasjon frå Mbala er på besøk i Eid kommune, og mandag 6. oktober inviterte EMBLA/Eid gjestane med i Bjørkedalen på kake og kaffi.  Les meir!



Mrs. Albertina Kapumfi  - Director of Administration
Mrs. Pamela Zulu – Deputy Director of Planning
Mr. Lasily Kabwe – Acting Director of Finance
Mr. Boyd Mulenge – Departement of Finance



 

"I SIGNORA DEL MARE"
18. - 28. september 2003



Les meir om oppdraget her!


 
EMBLA TIL ITALIA
16. september 2003 går ferda til Santa Marienella, ein hamneby litt nord for Roma.
Norsk kultur og norsk næringsliv skal presentere seg i Italia og fredsskipet "Embla" med sine fredskvinner er bestillt.
Prosjektleiar:  Brit Aanning Aarseth.

Planleggingsmøte søndag 7. september i Bjørkedalen.
Skipet vert pakka torsdag 11. september og skal vere framme torsdag 18. september lasta med materiell om Fjord-Norge, kultur og fred.  11 roarar reiser med nattbuss til Oslo 16. september og vidare med fly.
Lysseremoni, fakkeltog, besøk av skuleklassar m.m. står på programmet i 10 heile dagar til ende. 


 
ROØVINGAR
Sommaren 2003 ror vi kl. 19.00 - bli med!


 
EMBLA-NAUSTET TEK FORM
Torsdag 3. juli ser det nye naustet til "Embla" slik ut - 3x3 hurra!




 
SÅKORN FOR FRED
Spelt (triticum spelta) er urkornet dyrka i Mesopotamia (Irak) 6000 år f. Kr.
Ta kornet med deg, plant det i din hage.
Eit fredkorn vil vokse i ditt sinn.
Volda elektriske Mylne kan kunsten å male kornet på gamlemåten ved bruk av steinkvern. Tlf. 70055510.

Pose med "Såkorn for fred" kan kjøpast hos Stiftinga EMBLA for kr 50,-.



 
ÅRSSAMLING
ONSDAG 30. APRIL I BJØRKEDALEN


 
AFRIKA-KVELD
EMBLA samarbeidde med Kjølsdalen Bygdekvinnelag om å skipe til  Afrika-kveld  21. mars 2003
med hovudvekt på informasjon om kvinner i Gambia, Senegal og Zambia.  Kvinneorganisasjonar var spesielt inviterte.  Det vart vist bilete og fortalt frå lokale personar sine turar til desse landa, afrikansk mat og lotteri til inntekt for kvinner i Afrika.  Les meir her!



 
STUDIEPLAN MED TEMAET "Det dyrebare håpet"
Tittelen er henta frå Astrid Nøklebye Heiberg si bok, og denne er utgangspunkt for studieringen
som EMBLA startar i 2002/2003.

Kurset er nytt!  Møte ein gong i månaden - 3 timar.

Kurset rettar seg mot kvinner og menn som er opptekne av konflikt-/fredsproblematikken.