|
FILMTEAM I BJØRKEDALEN 17. AUGUST 2002 Eit tysk og engelsk filmteam kontakta EMBLA for opptak til NRK sitt program "Ut i Naturen" - sending etter mars 2003. Opptaket tok 3 timar, og det var stillt og varmt sommarver. ![]()
|
|
![]() |
MARITIME KULTURDAGAR I KALVÅG 2. - 4. AUGUST 2002 * roing av publikum * fredsapell * fakkeltog og fredsseeremoni |
|
NORRØN KULTURFESTIVAL 24. - 25.05.2002/ROREGATTA 25.05.2002 EMBLA/Eid har kvart år deltke i kapproinga med kommunebåten i Eid, femkeipingen "Lotsa". Vi har hatt stand på kaupangen, og rodd skuleelevar med fredsskipet "Embla" Under årets kapproing var EMBLA/Eid sett opp i finalen mot Ålfoten. Vi rodde det beste nokon gong og kom berre 15 sek. etter i mål!
|
![]() "Fredeleg kappestrid" foto: Jarle Åsebø, Stårheim |
8. MAI![]()
Ca. 70 personar hadde teke turen til Plassen i går ettermiddag for å
ta del i markeringa av frigjeringsdagen 8. mai. Det vart ein aldeles
strålande dag. I sol, varmt ver og flotte grøne omgjevnader vart dagen
høgtideleg markert. EMBLA/Eid har halde fredsappellen kvart år
under
denne markering og vore med i flaggborga. Ordførar Kristen Hundeide la ned blomar ved Sørgende Mor. Margunn Ervik frå Embla Eid heldt fredsappell, og Plassens Venner presenterte prosjektet oppruting av området rundt Sørgende Mor. 8. mai er også den Internasjonale Røde Kors dagen. Dette vart markert av nestleiaren i Nordfjordeid Røde Kors, Nils Anders Sørland. I tillegg var medlemmar frå hjelpekorpset med å bar flaggborga. Etter markeringa på Plassen var det sosialt samvere i Valhall med
underhaldning av elevar frå Kulturskulen,
|
|
|
ÅRSSAMLING I STIFTINGA Tirsdag 30. april kl. 19.30 var det årssamling i Bjørkedalen med vanlege årsmøtesaker, servering og oppvisning av Aud Hjelle sine designsydde kle og Kathrine Berg sine designsmykker. Volda og Herøy overnatta i Jakobs hytter. |
|
|
LANDSÅRSMØTE I NORSKE 4H "Embla" har vore på Nordfjordeid til 20. april og landsårsmøtet i Norske 4H, der EMBLA heldt lysseremoni for deltakarane i Osvika kl. 16.00. ![]() |
|
|
NM I SKISKYTING "Embla" og Embla-kvinnene deltok under opningsseremonien for NM i Skiskyting på Nordfjordeid 2. april. Fredag 22. mars var ein heil gjeng på plass i Bjørkedalen for å få "Embla" ut av naustet og på båtvogna. Erling Bjørkedal køyrde skipet til Vestlandske Salslag sitt lager. Dagfred Aamodt henta skipet til "sirkusteltet" i Eidsgata der den vart sett på nylaga lunnar og dregne av sterke Stårheimarar inn i teltet i høve tenning av NM-elden. Det vart ein gripande og stemningsfull seremoni med fin kobling mellom fortid/historie og notid/framtid! |
![]() |
|
ÅRSMØTE I EMBLA/Eid Siste åra har lokallaget i Eid halde årsmøte 8. mars som er internasjonal kvinnedag. I år var vi samla i Kulturhuset Gamlebanken kl. 19.00. Tema for dagen var idrett og doping. Ei anna viktig sak var planlegging av opningsseremonien for NM i Skiskyting 2. april der "Embla" skal vere med. Leiar av Stiftinga, Anne Lise Fredly, var invitert til å fortelje om planane for bygging av Embla sitt naust/hus i Bjørkedalen. Erling Bjørkedal som har frakta "Embla" på mange turar var også med oss på møtet. Leiing av Stiftinga skal gå frå Volda til Eid i år 2002, og Siri Kiviranta har teke på seg leiarvervet. På aktivitetsplanen for 2002 står forøvrig roing med "Lotsa" og "Embla", Norrøn Kulturfestival og Roregatta og mogeleg deltaking under Sommarakademiet i Kalvåg første helga i august. Mbala-samarbeidet vil også bli vidareført. Rønnaug takka for seg som leiar av lokallaget dei første 8 åra, men det lukkast ikkje årsmøtet å finne ny leiar. Ei nyoppretta valnemd vart sett i arbeid, og det blir kalla inn til ekstraordinært årsmøte med dette som sak før påske. |
|
|
STYREMØTE I STIFTINGA Torsdag 28. februar kl. 18.00 hadde styret kalla møte heime hos leiar Anne-Lise Fredly i Volda. På saklista stod mellom anna årssamling, aktivitetsplan for 2002 og bygging av naust. Det vert årssamling i Bjørkedalen 30. april med sjøsetjing 1. mai. Oddny arbeider vidare med naustplanane og Rønnaug søkjer finansiering. Det er eit mål å få til fleire roturar med "Embla" på Bjørkedalsvatnet sesongen 2002. |
|
|
Ein nyttig link for med tanke på Nord/Sør samarbeid og informasjonsarbeid
for fred:
http://solidaritetshuset.org |
|
|
EMBLA MED LATVISK KUNSTUTSTILLING Laurdag 19. januar 2002 opna EMBLA v/Rønnaug Leite utstillinga "Mitt skip er lasta med" i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid. Ein flott "bukett" blomebildete og stillebenbilete av den latviske kunstnaren Arja Prince lyste opp med takk og glede til Eid, Herøy og Volda for hjelpesendinga vi hadde med i lasta til Latvia. I lasta tilbake hadde vi med dei vakre måleria som tidlegare har vore utstillte både i Volda og Herøy. På ein time vart 11 bilete selde, og tilsaman vart 15 store og små blome-bilete selde. ![]() For 1000 år sidan reiste mennene ut i verda med vikingskipa og kriga og plyndra. No 1000 år etter reiser kvinnene ut i vikingskipet som kulturbærarar! Felles er likevel at ein hentar inntrykk og impulsar med heim ... |
|
|
Godt Nytt År!
Onsdag 16.januar var Astrid og Siri på Onsdagstreffet på Eid Kyrkjetun og fortalde om Embla sin tur til Riga. Vel 20 tilhøyrarar fekk vere med å dele opplevingane frå Bene og Riga sitt 800 års jubileum i ord og bilete. Foredraget vart sjølvsagt avslutta med ein enkel lysseremoni, noko deltakarane på Onsdagstreffet sette stor pris på. Nok ein gong klarte vi å formidle fredsbodskapen gjennom denne vesle enkle seremonien.
|
|