Tur til Mbala 12.02.2009 – 25.02.2009

Stiftinga Embla ved leiar Liv Stokkenes Jacobsen blei invitert av Eid kommune å vere med til Mbala, turen varte frå 12. januar til 25. januar 2009. Eid kommune har prosjekt i Mbala gjennom Norad. Kommunesjef Elin Leikanger med sonen Lars Heimdal og Marit Lefdal frå Fagforbundet var reisefølgje. Embla har hatt kvinnegrupper i Mbala sidan tusenårskifte.

 

 

”Mbala Embla:

In Mbala there are five Embla clubs. These are Nsokolo, Nondo, Mwiluzi, Mambbwe and Mbala central. What activities are they doing?

 

For leiaren av Embla var det no viktig å få ei oppsummering av det stiftinga har gjort og korleis kvinnegruppene i Mbala helst vil arbeide vidare. Embla gruppene i Mbala har 6 symaskiner. Der har kome mykje ”second hand” klede på markedet dei seinare år. Så Embla kvinnene har hatt det hardt med å konkurrere om å få selje varene sine. Embla gruppa i Mbala sentrum vil difor no gå over til matproduksjon. Pengegåva dei fekk av stiftinga skal gå til dette.

Dei andre gruppene vil halde fram arbeidet sitt som før. Desse gruppene fekk også ei større pengegåve av Embla stiftinga.

 

 

 

 

Det var ei stor oppleving å vere inviterte til Nsokolo og møte kvinnegruppa der. Vi blei vist rundt og motteke av ordførar og høvding. Det var laga fest for oss og stor middag. Delegasjonen fekk ei levande geit i gåve. Denne gav Embla seinare til ein gut som driv 4H prosjekt..

 

 

Delegasjonen var på besøk mange stader i Mbala og Mpulungu og fekk sjå mykje. Vi var mellom anna på besøk til fire 4H-prosjekt. Desse prosjekta var drivne av born/ungdomar. Dei driv med dyr eller jordbruk  Det som gjorde stort inntrykk var å besøke dei to skulane:  Mbala basic school og Mbala high school. Det er ikkje lett for borna å  greie seg økonomisk Mange av borna bur aleine utan foreldre. Forventa levealder i Zambia er 40 år. 500 000 born er foreldrelause grunna Aids. Mange born droppar tidleg ut av skulen. For å gje ei støtte til skulen slik at dei kan kjøpe utstyr til dei ungane som har store manglar, gav vi spontant ei pengegåve.

 

Pengar og fagleg bistand Eid kommune, gjennom Norad, gjev er viktig og naudsynt. Men mi oppleving var også at den personlege, menneskelege støtte folket i Mbala får ved å vere med i både Eid kommune og Embla sine prosjekt, er av stor verdi. Nokon som bryr seg og ser dei.