Velcome to Bjørkedalen, friends from Mbala!
(6. okt. 2003)

Det er tredje gongen Embla helsar kvinner frå Mbala velkomne til Bjørkedalen.  Denne gongen vart det enkel servering av nydeleg kveitekringle og marsipankake i naustet.  "Embla" var nettopp tilbake frå Italia-oppdrag og sett rett i nyenaustet for vinteren.

Rønnaug Leite hadde møtt begge dei to kvinnene i Mbala under sitt besøk.  Ein av kveldane under besøket fekk dei sjå presentasjonen av Mbala på internett, og vi fekk lovnad om meir stoff frå kvinnene der.



 

Astrid Grete Torheim, leiar i EMBLA/Eid fortalde ivrig om EMBLA, skipet og Bjørkedalen.
Dei to kvinnene som også er ein del av MDWACC og systerorganisasjonen EMBLA/Mbala fekk overrekt nkr 2.000,- i dollar til kjøp av to nye symaskiner til to nye kvinnegrupper.  Pengane var samla inn i forbindelse med utlodding under Afrika-kvelden i Kjølsdalen samfunnshus. To koffertar med kle vart sendt med for sal til innkjøp av stoff og tråd.  Sveivesymaskinene skulle kjøpast i Lusaka på heimreisa.  Kvinneorganisasjonen skal stå for tildeling og opplæring.  Siste delegasjon frå Eid til Mbala hadde fått oppleve både den glede og konkrete nytte kvinnegruppene hadde hatt av gåva frå Embla-kvinnene.  Gruppene tok på seg oppdrag med å sy uniformer til skuleborn mot betaling i form av pengar eller naturalia.  Betaling med bønner og liknande vart omsett, og pengane vart igjen nytta til gjødsel eller hjelp til vanskelegstillte born.



Embla-medlemane sitt traktement vart sett stor pris på sjølv i eit kjøleg, norsk haustklima.
Varaordførar og Embla-medlem Marit Born Lefdal har sjølv vore i Mbala og vore vertskap for
etterkvart mange utvekslingsdelegasjonar frå Mbala i Zambia.
 

Pamela som er gift med den dyktige kunstnaren Zulu vart fort merksam på skulpturen som Jakob har sett opp mot vatnet utanfor anlegget i Bjørkedalen.