Afrika-kveld
   
Kjølsdalen
Samfunnshus

Fredag 21. mars 2003

Dianne Eikås leia Afrika-kvelden
- ein draum ho har hatt lenge ...


Sjølv var ho i Gambia med 4H, men
denne kvelden orienterte ho om
Bygdekvinnene sitt Senegal-prosjekt.

 
   
Margun Ervik har også vore i Gambia,
men dette var for 25 år sidan.
Ho fortalde levande om minna frå turen.
   
Marius Aardal har nyleg vore i Gambia, også i regi av 4H.  Landet ligg som ein tarm inne i Senegal.
Han var innom mange tema, "krydra" med både alvor og morosame episodar.
Salen var spennande pynta med afrikanske tøystoff og ting som dei frammøtte hadde
kjøpt med heim.
   
Ca. 60 personar hadde meldt seg på arrangementet.
Bygdekvinnelaga i kommunen stillte med
deltakarar frå sine lag, og heile regionen
var representert.






 
   
Måltidet denne kvelden var Norsk-Afrikansk med ris og peanøttsaus til hovedrett, smaksprøve på enchima og kaker til dessert.

Mange av "afrika-farararane" nytta pausen til ein prat!
   
Elin Leikanger og Torfinn Myklebust
informerte om samarbeidet mellom
Eid kommune og Mbala kommune i
Zambia.
   
Lina Lien Bruland formidla sine inntrykk
frå turen ho var med på til Mbala som representant for Eid Vidaregåande Skule.
   
Og Aslaug Nesje Bjørlo frå Nordfjord
Folkemuseum fortalde om kultursamarbeid
mellom Nordfjord og Mbala.
   
Rønnaug Leite representerte EMBLA og formidla utvekslingssamarbeid med kvinner i Mbala.
 
Rådmann i Eid, Per Kristian Storevik, fekk det siste ordet.  Han uttrykte glede over at eit Bygdekvinnelag skipa til denne type arrangement og fortalde om fortsetjing på kommunesamarbeidet.
   
 
Over:    Zambia
Under:  Gambia
 
Lotteriet til inntekt for prosjekta i Senegal, Gambia og Zambia vart på heile kr 8.000,- - bravo!!!
 
Kjølsdalen Bygdekvinnelag v/leiar Jenny Aardal takka kvar og ein for ein hyggeleg og minnerik kveld.

23.03.2003 - Rønnaug Leite