Minne frå tur til Zambia.

 

Eg hadde ein heilt utruleg opplevelsessrik tur til Zambia frå 14.september til 21. september 2002. Dei eg reiste saman med var to frå Eid Kommune, to frå museet på Sandane og to frå organisasjonen 4H. Eg reiste som representant for Eid Vidaregåande Skule og som 4H representant. Eid kommune har hatt eit samarbeidsprosjekt med Mbala council, og ville prøve å starte opp 4H klubbar der. 4H klubbar vert styrt av barn og det er akkurat noko slikt dei treng, for foreldregenerasjonen er nesten heilt vekk - døde av AIDS. Det var ganske tilfeldig at eg vart plukka ut til å vere med, og var nok eit resultat av at eg hadde vore med i eit møte på Eid tidlegare der vi diskuterte korleis 4H kunne vere til nytte i Mbala.

 

Afrika var eit land eg aldri hadde vore i før, så dei førestillingane eg hadde på førehand var inntrykk eg hadde fått i frå tv og aviser –svolt, hungersnaud, AIDS, eit varmt klima og ikkje minst stor fattigdom. Og til de som ikkje har vore der: Er det ikkje omtrent slik de ser føre dokke Afrika?

 

Tv og aviser er veldig flinke til å få fram kva som er problema i forskjellige land. Men det som gjorde sterkast inntrykk på meg var livsgleda til alle dei personane eg møtte. Vi her i Noreg ligg langt etter når det gjeld munterleik og open interesse for andre menneske. Mange afrikanarane må slite kvar einaste dag for å få nok mat til eit måltid om dagen. Dette gjeld både folk i byane og langt ute på landsbygda. Men sjølv om dei har det vanskeleg så smiler dei og pratar og spør korleis du har det. Og dei helsar på folk dei ikkje kjenner på bussen og på gata. Dette er noko som er ganske forskjellig frå Noreg.

 

 

Eg var så heldig at eg fekk vere med på Mbala secondary School ein halv dag og ha undervisning saman med elevane. Dette var det Jane, lektor på skulen som ordna for meg. Det var heilt utruleg! Eid vidaregåande skule har hatt og har eit samarbeidsprosjekt med Mbala Secondary School. Vi har sendt nedover pengar som vi har samla inn frå Operasjon Dagsverk. Eg fekk sjå kva dei har brukt pengane til, og det var verkeleg mykje! Lærebøker, to frysarar, komfyr, symaskin og masse anna utstyr til kjemilabben m.m. Men ein ting er sikkert, og det er at dei treng mykje meir pengar for å få skulen i ein lovleg standar sett frå norske auge.

 

Eg blei så godt tatt i mot at det var heilt utruleg. Alle ville eg skulle sitte ved sidan av seg, alle helste og smilte, alle lo og snakka oppskaka fordi dei hadde ei kvit jente i klassa. Eg er sikker på at ein afrikansk elev i Noreg IKKJE hadde fått ein slik velkomst som det eg gjorde. Det er fordi vi her i Noreg er mykje meir reserverte og kanskje ikkje så interessert i det som er ukjende?

 

 

Første timen hadde vi historie på lokalspråk, einaste eg forstod var at det var dyrefeller dei teikne på tavla. Den neste timen hadde dei visst ingen lærar, og det var fint for då fekk eg sjansen til å snakke med elevane. Omtrent ti elevar sto og satt rundt meg og vi snakka om absolutt ALT! Dei hadde masse spørsmål og eg fekk svar på mine.

 

         Ein ting eg spurte om var blant anna om kva framtidsutsiktene deira var. Då var det ein gut som svarte at han rekna med at han skulle heim til landsbyen sin, gifte seg og få ti ungar. Og det er faktisk slik det går med flesteparten, sjølv om dei har gått på secondary school. For krava til å komme inn på universitetet i hovudstaden Lusaka er ikkje akkurat så veldig lave.

 

 

         Særlig gutane lurte og på om det gjekk ann for ei kvit jente å gifte seg med ein svart gut. Dei vart veldig overraska då eg sa at det gjekk heilt fint. Elles så prata vi om litt ungdomsting, sånn som musikk, film og sminke. Mange har tilgang på radio, så eg fekk ofte høyre den same musikken som vi har her i Noreg.

 

 

Dei fleste afrikanarane har ordentlig ”afrohår”, sånn skikkelig kolsvart saueull. Jentene har ofte fletter i mange forskjellige variantar, medan gutane er snauklippa. Dei som har råd til det bruker pengar på å vere fin på håret, sjølv om det kanskje vil sei at dei får litt mindre mat ein dag. Dette syntes eg var litt merkelig. Men det er vel slik at ein prøvar så godt ein kan å sjå ordentlig ut utapå sjølv om ein er veldig fattig. Eg vil tru dette har noko med status og sjølvfølinga å gjere.

 

 

                   Vi diskuterte og religion. Alle i Mbala er kristne. Ein som jobba i komuna sa at han skjønna ikkje kvifor alle desse misjonærane kom, for som han sa : alle her er jo kristne! Og det var sant. Alle elevane og dei andre folka eg snakka med trudde fast og heilt på Gud.

 

Det er engelsk skulesystem i Zambia. Alle hadde skuleuniformer. Gutane med kvit skjorte, slips og svart bukse. Og jentene med kvit skjorte, slips, knestrømper og skjørt. Korleis dei klarte å ha krøllfrie skjorter under dei tilhøva som var på skulen er heilt utruleg! Vatn var det ikkje så ofte dei hadde, og når dei hadde det, så varte det berre ca. ein time. Og på den tida skulle alle elevane stelle seg. Det stanka urin i dusjane og doane såg ikkje ut!

 

 

         Mbala secondary school var det for nokre år sidan gjort ein undersøking blant alle 15- åringane på skulen. Dette vart gjort fordi nonnene i området trengte friskt blod til sjukehuset. Då tenkte dei at den vidaregåande skulen måtte vere ein god plass å få i frå. Men resultatet var veldig negativt. Omtrent 90 % av 15-åringane var smitta av HIV. Kor mykje ein kan stole på slike undersøkingsresultat er eg usikker på, men det gjev no eit visst bilete.

 

         I den klassa eg var i, så hadde det dødd ei jente i fjord av AIDS. Eg fekk helse på ein gut i klassa som visste at han hadde HIV, det var ganske rart å tenke på at om ti år eller før, så er han mest sannsynlig død av AIDS. Sjølv om eg berre fekk helse på ein gut som hadde HIV, så vil ikkje det sei at der ikkje var fleire. For det er ingen som har råd til å få testa seg om dei verkeleg har HIV eller ikkje. Undersøkingar som er gjort viser at dei fleste er smitta.

 

         Grunnen til at forholda er slik som dei er i Zambia, er kort fortalt på grunn av manglande utdanning og kunnskap og ikkje minst korrupsjon. Vi opplevde det sjølv med dei vi var mest saman med. Skal ein gje noko til dei som treng det, så er det tryggast å levere det sjølv. For elles risikerer du at halvparten eller endå meir, kjem i lommane på dei som skal overlevere sakane eller pengane. Nokon få lever i ein utruleg luksus, medan resten er lutfattige og mange svelt. Det er ikkje tilfeldig at det er dei som styrer som er rike. Eg trur at mange gongar så har ikkje pengane frå alle dei forskjellige u-hjelpane gått til dei som verkeleg treng det, men til dei som skal dele det ut til folket.

 

 

         Eg fekk omtrent 30 adresser under opphaldet mitt i Mbala. Alle ønskte å skrive med ein norsk person, så eg delte adressene ut til vennene mine når eg kom heim. Eg veit om ei som har fått svar frå tre elevar. Sjølv har eg skreve med tre stykke, men eg har ikkje fått svar enda.

 

         Vi fekk tid til å vere turistar og. Ein dag var vi ved Tanganikasjøen, der vi bada, åt god, stekt fisk og tok livet med ro. Sjøen er utruleg stor! Eg trudde nesten eg var kome til havet, for eg såg ikkje landet på andre sida. Elles så besøkte vi mange marknadar, og der har dei jammen mykje rart! Alt i frå plastikk-posar, grønsaker, omslags-skjørt til kar og frisørbodar.

 

 

         Tilslutt vil eg sei at alle som har moglegheita bør ta seg ein tur til Zambia. Du får verkeleg noko å tenkje på! Eg har vertfall fått større forståing for kvifor verda er som ho er. Og eigentleg er eg skamfull over kva vi i den rike delen av verda har gjort med dei landa som i dag er u-land. Det er nokon som lider fordi vi for nokre hundre år sidan, i kolonitida tømma landet for ressursar.  Kva verdiar i menneskelivet er det eigentleg som tel? Livsgleda til foket i Zambia må opplevast!

 

 

2002 – Lina Lien Bruland
Foto:  Hilde/Sogn og Fjordane 4H