Stiftinga EMBLA  - “Kvinneskipet ro for fred” med knoppskyting i Zambia
 
EMBLA Working Women of Mbala/Zambia er skipa med denne visjon: 

Utan fred i einskildmennesket og utan respekt mellom kjønn, i heim og lokalsamfunn;

 inga utvikling!

 

Symbolikk

For 1000 år sidan reiste nordmennene ut i verda i vikingsskipa og kriga.  No 1000 år etter, reiser kvinnene ut i verda med bodskapen om fred og internasjonal forståing med vikingskipet, kulturskipet, kvinneskipet og fredsskipet ”Embla”.

 

Verda vert stadig mindre og ulikskapane er store

Afrika/Zambia/Mbala er ikkje lenger så langt borte, likevel er det ei anna verd vi kjem til.
Vi lever i det beste landet i verda, på toppen av behovspyramiden.  Dei lever på botnen og tenkjer på mat i dag og skulepengar for neste semester. 

 

Samarbeid mellom Eid kommune og Mbala kommune i Zambia

Det er viktig at vi som lever i utkantbygder også får reise ut, hente erfaring, danne nettverk og vere ein del av samarbeid på tvers av kommune-, region- og landegrenser.  Rådmannen i Eid, Per Kristian Storevik arbeidde i Mbala i nordaust-Zambia i 2 år.  Eid kommune har i etterkant etablert samarbeidsavtale med denne kommunen.  Forvaltningssjef Elin Leikanger tok ansvaret for prosjektet kommunal planlegging og har vore til Mbala i to periodar i år.
Torfinn Myklebust var med på 2. turen og hadde ansvaret for å etablere kommunikasjon og gje dataopplæring.

Frå venstre:
Elin Leikanger, Eid kommune
Rønnaug Leite, EMBLA
Torfinn Myklebust, Eid kommune
og Oda Heimdal (Elin si dotter på 12 år).
Tangyanikasjøen i bakgrunnen. 
Det er no vinter i afrika, men temperaturen i hamnebyen Mpolongo var likevel høg.
Mbala hadde fin norsk sommar-temperatur.


Utveksling og intensjonsavtale
Sist haust fekk Eid kommune vitjing av ein delegasjon på 4 frå Mbala, av desse var ei kvinne.

Ho reiste tilbake og skipa EMBLA-gruppe.  Då Elin Leikanger reiste til Mbala i mai, nytta eg høvet til å reise med som repr. for EMBLA.  Vi ser det som svært viktig med utveksling; at kvinner frå Mbala får kome hit og sjå korleis vi lever og at kvinner herifrå får reise dit.  Til hausten kjem ein ny delegasjon til Eid, og vi reknar då med at to kvinner får delta.  Vi signerte intensjonsavtale om framtidig samarbeid i 4 hovedpunkt, men føresetnaden vil vere kommunikasjon som fungerer.
1. Likeverd og respekt
2. Organisasjonsutvikling, opplæring

3. Helse (AIDS)

4. Kulturforståing

Styret for MDWACC utgjer også Embla Working Women of Mbala. 
Det er 17. mai og Mrs. Judith Mwiche held det norske flagget.  Biletet er teke i kommunestyresalen med biletet av president Chilubla i bakgrunnen.  Kvinnene har fått Embla-t-skjorter og smykker med Embla-skipet i gåve.

 

Kvinnene sin kvardag

Kvinner er underordna mennene i afrika.  Dei fleste gifter seg tidleg og får barn stort sett annankvart år.  Få får skulegang og kan såleis ikkje lese og skrive.  Kvinnene si oppgåve er å dyrke maten og syte for hushaldet.  Ein del sel det dei dyrkar på markedet.  På markedet i Mbala var det brukte kle frå USA og Europa å få kjøpt.  Kvinner i tettstadar og byar er å sjå ute i arbeid og nokre driv småskala næringsverksemd.  Få tek del i politikk og samfunnsutvikling, men dei vil gjerne, og dei vil lære.  Sjukdom og død en ein del av kvardagen deira.

 

AIDS

I Zambia er levealderen 36 år.  Styresmaktene opererer med 25 – 35 % hiv/aids-smitte blant befolkningen, men det verkeleg talet er 65 – 75 %.  Born i ungdomsskulealder gav blod til sykehusa.  Nyleg hadde det blitt teke blod av 25 elevar, men alt blodet var infisert og måtte kastast.  Fleirkoneri er vanleg i Zambia.  Den lettaste vegen til å få pengar til mat i dag er å selje seg sjølv.  Det seier seg sjølv at hiv/aids sprer seg.

 

Foreldrelause born eit samfunnsproblem

Når foreldra dør, må borna vekse opp med besteforeldre eller andre i ”slekta”.  Det er ikkje lett å mette ein storfamilie når det allereie er lite frå før.  Kvar familie har minst 6 born, og  like mange å ta seg av utanom.  Ulike hjelpeprosjekt har bygt opp dagheimar der foreldrelause får mat og kle.  Dei blir lærde opp til å dyrke eigen mat, men et opp såkornet om dei er svoltne nok.  - Det er vanskeleg å fatte, sjølv om ein har vore der, sett og høyrt.

 

Møte med kvinnene

Eg sit att med mange sterke og uforgløymelege inntrykk, også svært positive!  Dei hadde rikeleg tid, dei smilte og gleda seg i nuet, dei delte rikeleg med oss, sjølv om dei visste vi var rike.  Dei var flinke å snakke og syngje.  Eg fekk møte mange kvinnegrupper både i Mbala og ute i landsbyane og fekk fleire levande høner i gåve.  Det var viktig for dei å få merksemd som kvinner. Eid kommune etablerte eit kontor med datamaskin og e-post for å halde kommunikasjon i framtida.  Dette kontoret er MDWACC, paraplyorganisasjon for kvinnegruppene, som står ansvarleg for.

 

Kvinner og barn i Mambwe.

Kvinnene har som eit resultat av kommune-samarbeidet skipa ein klubb som skal helpe dei å drive forretning i lag.  Sveivesymaskin står høgt på ynskjelista.
Eit barn på ryggen, eit i magen og fleire rundt var vanleg syn.

 

Bistand

Sjølvsagt ville dei ha økonomisk støtte frå oss – symaskiner og sveiveradio stod høgt på ynskjelista, og eg håpar vi her kan gjere noko.  Men samarbeidet går hovedsakleg ut på læring for å skape ei bærekraftig utvikling.  Mange land har finansiert tiltak og investeringar, men det vert ikkje vidareført når pengane tek slutt.

Mbala kommune hadde ikkje pengar t.d. var ikkje rekninga for tlf. betalt, det var ikkje pengar til reparasjon av verken kopimaskin eller andre maskiner osv. osv. Med andre ord ei utkantkommune i store vanskar og tilbakegang.

 

Personleg oppleving

Det er vanskeleg å gje uttrykk for kva reisa har betydd for meg personleg, men eg har fått mange nye perspektiv som eg aldri ville vore forutan.  Eg fekk m.a. møte att Mrs. Judith Mwiche som var her sist haust.  Ho var med oss til landsbyen Mambwe der ho var fødd og tok meg med til barndomsheimen.  Vi gjekk eit par kilometer langs ein støvete landeveg med høgt gras langs vegkanten.  Plutseleg gjekk ein sti inn mellom trea og vi kom fram til eit tun med fleire små hus, nokre i murstein stråtak, andre var berre pålar med stråtak og nokre var berre av strå.  Begge foreldra levde.  Faren var 71 år.  Han hadde vore lærar på skulen i landsbygen og snakka engelsk.  Ei stråmatte vart rulla ut på tunet og det vart sett fram to lave krakkar.  Faren og eg førte samtale medan kvinnene ordna med grøde som skulle vere med bilen tilbake til Mbala.  Han hadde halde seg til ei kone, og han meinte det var grunnen til at dei begge levde, sjølv om kona no var skrøpeleg.  Dei hadde 10 born, men berre to levde att.  Eg spurde han som hadde oppnådd så høg alder kva han tenkte om utviklinga i landet, og han svara at det han såg var aukande problem som følgje av alkohol og prostitusjon.  Eg la att ein del nye T-skjorter og betalte godt for grøda som takk for meg.  Judith sa vel som slik at det var ikkje alle ho hadde møtt her i Norge som ho kunne teke med på besøk heim.

Ei anna stor oppleving var møtet med høvdingen for Mambwe-folket.  Han sat i ein fluktstol ved palasset sitt, og vi måtte setje oss rundt på nokre lave krakkar og vart presenterte gjennom ein slags formell seremoni – uforgløymeleg! 

Det største var likevel kontakten med einskildmenneska, personar ein aldri vil gløyme.

Her får vi servering i rektorbustaden i Nzokolo.  Kylling, geit, enchima og ralich.  Sjølvsagt åt vi med fingrane.  Maten var laga av heilt friske råvarer og smakte fortreffeleg.  Ingen av oss vart sjuke, heldigvis, men så hadde vi også  teke ein del vaksiner før vi reiste.

 

Framtida vil vise om samarbeidet vil gje resultat.  Vi fekk sjå at OD-pengane som elevar ved Eid vidaregåande skule gav til vidaregåande skule i Mbala i fjor var blitt nytta svært godt.  Dette er eit glimrande tiltak som nyttar!  Eg oppmodar andre org. og interesserte om å stø opp om samarbeidet med Mbala, vi vil lære mykje og dei har bruk for oss.  EMBLA takkar næringsliv i Eid for T-skjorter og fotballar, det vart sett pris på! 

 

9. juli 2001
Rønnaug Leite, Kjølsdalen